Meanwhile, in Bangalore…

så rart å vere…

Posted in Ingrid-kategorien, Updates by Ingrid on October 22, 2009

Fire veker i dette magiske landet har blåst forbi. Kanskje var det ein haustvind vi tok med oss frå Noreg? Det gjekk alle fall veldig fort. Og framleis er vi her. Framleis er vi dei same. Men vi er fylt med ganske nye tankar. Framleis kjennest det som vi kanskje kom i går. Men også som om vi kanskje alltid har vore her. Vi vandrar rundt, over trafikkerte gater, der vi til slutt har lært å kave oss over i blinde, av berre støv, eksos og lydmurar av bilhorn og rop. Vi observerer menneske som ber og ber om den minste slump av pengar, og må med klump i halsen og byrjande kvalme riste på hovudet: nei, eg har ikkje noko å gje deg eller barnet rundt halsen din. For vi greier ikkje å redde alle. Vi vasser gjennom søppel, og ser endeleg eit lys på vegen då vi besøker ein komposthaug i eit av asias største slumområde, og lærer å gjennvinne papir av lattermilde kvinner i fargerike sariar. Og vi sukkar og ler, gret og smilar lett av alt og ingenting, over ein godt sukra kaffi. For det er jo så rart alt saman.

Det er forresten ganske mange lys på vegen vår. Dyrebare lys som gjer det heile særs lett å like. Brennande på små bommulsveiker i matolje. Hjelpsomme CSA (centre for social action)-frivillige venar viser oss gjerne sine yndlings-skattar blandt mangfaldet, så det beste av film, musikk, festivalar og shopping er ikkje å komme utanom, rett og slett. Med ein oversettar kvar satt vi oss til med tre timar kinofilm på Forum, for å oppleve det beste av punjabs fargesprakande dans, musikk og kjærleik, etterfølgt av kardemommekaffi og latter på ein kaffibar i det same palasset av eit kjøpesenter. Vi har handla så mange kurtaer at vi ikkje veit vilke vi skal bruke, og har så mange øreringar at vi kanskje burde hatt fleire hol også? Og kvifor ikkje eit i nesa med det same? Som på landsbygda berre ville blitt sett på som eit enkelt teikn på frukbarheit. Laurdag feira vi Diwali, ein stor indisk lysfestival, og kjende eit stikk av julestemning då lysa vart tende og godisen sett fram, medan rakettane small som granatar ute i gatene. Sjølv var eg livredd og søkte tilflukt blandt søte kaker og varme puter, då crackers med namn «Hitler» og «hydrogenbomb» vart sprengte i lufta med stor sjølvsikkerheit frå sine bødlar. Eg er ikkje heilt trygg enda.

Ellers er potensialet for læring ganske så stort.CSA har arrangert mykje lærerikt og interessant for oss for at vi skal få sjangsen til å forstå alt rundt oss nokre hakk betre. Classroomsessions med dyktige lærarar frå christ university, har gjeve oss større innsikt i djuptgripande emner i det Indiske samfunnet. Kastesystemet og familiesystemet i India har i alle år spelt viktige roller i korleis det Indiske samfunnet og makthierarkiet har fungert og undertrykt. I tilegg har kjønn hatt (og har framleis) mykje å seie for menneskesynet, her som i alle andre delar av verda, og kvinner har kjempa ein stille kamp om å verte sett, høyrt og likestilt med menn og kuer. Vi har besøkt slummen Rajendranagar sitt aktivitetssenter (CSA-prosjekt), der yrande engasjement frå ungar i alle aldre drog oss inn i sang, leik og latter. Og både i Rajendranagar og i landsbygdene i Hoskote har vi fått sjangsen til å snakke med grupper av kvinner (self help groups), i full gang med å organisere sjølvstyrt microfinans, for å kunne ta opp lån frå sine eigne godt sparte pengar. Det er inspirerande, i alle fall for ei lita jazzjente frå vestkysten av noreg, å sjå kor langt ein kan komme om ein vil forsøke og aldri gir opp.

CSA, med sine prosjekt både i og rundt Bangalore, er ein organisasjon som gjennom å opplyse, vise og utfordre, har som mål å hjelpe befolkninga i desse fattige, uopplyste strøka til å finne vegen til ein lettare og meir rettferdig kvardag sjølv. Berre slik kan dei nokon gong trekke seg ut frå desse områda og framleis sjå at det blomstrar. Men sjølv om ideane er gode og framgangsmåten klar er nok ikkje alt berre hoppande lett. Dei menneska som er innvolverte har høg utdanning og jobbar dag ut og dag inn for å i det heile tatt meistre å få kontakt med og aksept blandt befolkninga, i eit land og ein tradisjon der draumen om det neste livet kanskje oftast har vore større enn draumen om den gode augneblinken, og klasseskilla er lagt i skjebnen og religionen sine hender og må etterlevast.

Tilbake i våre «luksuriøse» omgjevnader, i NGV (national games village) i den hippe bydelen Koramangala, går livet sin meir og meir vante gang. Tidlege morgenar med dans på toppen av Bangalore-city, rettare sagt i toppetagen av christ university sitt hovudbygg, og varme, myggfylte kveldar med yoga i ei lita kyrkje, har sett preg på dei to siste vekene. Og trass stive musklar, trøyte auge og svoltne magar, er det deilig å kjenne pusten treffe botnen av magen medan ledd og sener strekk seg fleire cm lengre enn for berre nokre veker sidan. Og det er særs artig å kjenne trangen til å danse og syngje i beste bollywoodstyle, når musikken på klesbutikken SKC plutseleg er den same som den du har strekt og hoppa deg gjennom kvar morgon to veker i strekk. Vi lev mitt i det: vi bestemmer personlege prosjekt (som eg gjerne vil skrive meir om sidan) og vi sluker mat som er sterkare enn alle tyrkisk pepperane og chilliane vi (les: eg) har utfordra oss med sidan barnehagen. Vi slukar maten ja, for å halde oss i live, men også fordi smakslaukane skrik etter meir. Meir smak, meir fett (?), meir spaning og utfordring og glede! For det er jo akkurat det den indiske maten er: spontan og glad og spanande. Og enkel men fantastisk innhaldsrik.

Så slik går dagane og vekene. Nokre dagar er det vanskeleg å ikkje skode langt fram og tenkje med ørliten nytelse på den dagen då vinterkulda skal slå mot ein aldri så lite brun nesetipp. Men resten av tida er det mest spanande å berre vere. Å vere her. Berre oppleve; sjå; lytte; lukte; smake; kjenne. Elske. Er ein open og aksepterande, utan sperrer eller forventningar; utan forventningar til anna enn seg sjølv, si eiga deltaking og si eiga røyst, kan ein komme så langt og lære så mykje. Og kanskje vil denne merkelege staden, som ikkje ein gong folket sjølv kan forstå seg heilt på, kjennest meir som heime ein vakker dag?

Eg lagar kardemomme-chai på gasskomfyren, et rosiner og funderar litt meir på det heile, mystiske, uforståelege.

indisk mat

Advertisement

2 Responses

Subscribe to comments with RSS.

  1. Kari said, on October 22, 2009 at 10:45 am

    Tusen takk, Ingrid, du skriver så vakkert – jeg blir varm i kroppen og våt i øynene av å lese…. og takknemlig for at dere – “våre barn” – er de dere er og at vi får være foreldre…. og at dere deler. K

  2. Inger Lise said, on October 29, 2009 at 11:22 pm

    Så godt du skildrer! Dette var god lesning. Fortsett å skriv Ingrid,
    jazzjenta fra vestkysten av Noreg :)


Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Connecting to %s

Follow

Get every new post delivered to your Inbox.